Trøbbel i nabolaget

Dei siste åra har forsking vist at kreftceller utviklar seg i eit samspel med dei friske nabocellene sine. Her er nokre eksempel på korleis kreftceller utnyttar cellene i nabolaget for å vekse fortare.

Mikromiljø.

Ein kreftsvulst er ikkje berre ein klump av farlege kreftceller (kulerunde celler), men inneheld også andre celletypar, slik som blodårer (raude), immunceller (blå, turkis og lilla) og celler frå bindevevet (grøne). Illustrasjonen er modifisert frå: Junttila, MR, Nature 2013,

Det er ikkje berre er mutasjonar i kreftcellene som er årsak til kreftutvikling. Samspelet mellom kreftceller og naboane deira er også ein viktig faktor. Å stoppe kreftceller frå å kommunisere med friske naboceller krev andre typar behandling enn når ei enkelt kreftcelle skrur på gassen og delar seg i superfart.

Forskarane nyttar omgrepa «mikromiljø» eller «nisje» for å beskrive at kreftceller utnyttar samspelet med naboane sine for å vekse, spreie seg og lure seg unna immunforsvaret i utvikling av ein kreftsvulst. Her er fire eksempel:

Samspel med ulike naboar

  1. Nokre kreftceller kan påverke naboane sine til å auke mengdene vekstsignal dei sender ut. I staden for å skru på sin eigen gasspedal, ber kreftcellene naboen om å gjere det i staden. Resultatet er at dei friske nabocellene hjelp kreftcellene til å vekse fortare.
  1. Kreftceller kan også påverke blodårene i nærområdet, og auke produksjonen av nye, små blodårer som forsyner svulsten med næring. I konkurransen om energi og signalstoff i blodet vil kreftcellene auke forsyninga til seg sjølv.
  1. Med auka tal blodårer i nærområdet kjem det også immunceller symjande i blodet. Immuncellene har mange strategiar for å oppdage at kreftceller veks utan kontroll, og vil ofte drepe celler som ikkje oppfører seg som dei skal. Kreftcellene er derimot ikkje heilt forsvarslause, og nyttar ulike teknikkar for å dempe, utsette og minimere immunresponsen i nærområdet.
  1. Også når kreftcellene spreier seg i kroppen påverkar dei andre celletypar til sin eigen fordel. Til dømes kan nokre brystkreftceller sende ut eit signal til skjelettet om å lage plass til kreftcellene. Resultatet er små hol i skjelettet, og eit slikt porøst skjelett vert ein bra plass å busette seg for kreftceller på vandring.

Tilpassa behandling

For desse fire eksempla finst det ulike typar legemiddel som kan stoppe kreftcellene frå å utnytte samspelet med naboane sine. Utfordringa er å vite kva for pasient som treng kva for behandling til rett tid. Treng pasienten medikament mot vekstsignal, behandling som hindrar framvekst av blodårer, legemiddel som hjelp immunforsvaret eller stoff som hindrar at kreftcellene spreier seg?

Ny kunnskap om korleis ein kreftsvulst utviklar seg gir også kunnskap om kva behandling som vil fungere best for kvar pasient. Det totale biletet av kreftutvikling vert meir komplekst, men detaljane er viktige for å tilpasse og målrette behandlinga for kvar enkelt. Slik bygger vi stein på stein i kreftforskinga.