Kategorier

Balansekunstnaren

Kreftceller er svært farlege når dei spreier seg i kroppen til ein pasient, men kreftcellene kan også påverke nærområdet sitt og forårsake store skadar. Denne veka har vi intervjua Therese Standal som forskar på beinmargskreft.

Therese Standal. Foto: Geir Mogen/NTNU

– Målet med forskinga mi er å forstå kvifor pasientar med beinmargskreft (også kalla myelomatose) får øydelagt skjelettet. Dette rammar nesten alle pasientane, er svært smertefullt og fører til økt dødelighet, seier Therese Standal. Ho er forskar ved Institutt for kreftforsking og molekylær medisin ved NTNU i Trondheim.

Behov for ny behandling
Det finnast ingen kur mot beinmargskreft, men behandling med cellegift kan føre til betre livskvalitet og auka levetid. Gjennomsnittleg levetid etter diagnosen er om lag fem år, og både i Noreg og internasjonalt prøver forskarane å finne ny behandling som kan betre denne statistikken.

Forskingsprosjektet til Therese Standal handlar om korleis kreftcellene påverkar balansen i beincellene i skjelettet til pasienten. Ho er også interessert i å utvikle nye metodar for genterapi som kan drepe kreftcellene og gjere at skjelettet vert normalt.

– I bein er det to hovudtypar celler som samarbeider om å halde skjelettet i balanse: osteoklastane øydelegg beinet medan osteoblastane lagar nytt bein, fortel Standal.

Balanse i beinet
Hjå pasientar med beinmargskreft er det eit auka tal osteoklastar, og det oppstår store hol i skjelettet. Kreftcellene påverkar balansen mellom dei to celletypane, slik at det vesle talet osteoblastar ikkje er nok til å lage nytt bein som erstatning for alt beinet som forsvinn.

– Akkurat korleis kreftcellene påverkar balansen mellom dei to typane beinceller er fortsatt uklart, og vi forskar på å finne ut meir om korleis dette skjer, seier Standal.

Mikroskopbilete av osteoklastceller. Foto Muhammad Zahoor

Det finnast fleire medikament som kan hindre tap av skjelettet, til dømes bisfosfonat som vert nytta i behandling av beinskjørheit. Det er også behov for behandling som aukar produksjonen av nytt bein. Standal og teamet har ein kandidat for ein slik behandling, eit protein som heiter BMP-4.

– Vi har gjort eksperiment som viser at BMP-4 kan drepe krefteller som veks i laboratoriet, og at det aukar produksjonen av nytt bein. Det vert spennande å sjå om proteinet også fungerer når vi testar det mot kreftceller i ein levande organisme, til dømes i mus på laboratoriet, seier Standal.

Genterapi mot beinmargskreft
For å teste om BMP-4 klarar denne jobben, nyttar Standal og teamet hennar mykje tid på å lage gode hypotesar, solide eksperiment og presise kontrollar. Den fyrste oppgåva er å plassere små bitar av bein donert frå menneske under huda på forsøksmusene. Deretter vert kreftceller isolert frå beinmargen til pasientar med beinmargskreft, og cellene plasserast på den vesle beinbiten. Her får kreftcellene næring frå musene, og cellene veks etter kvart til ein svulst.

Beinmargsprøve. Foto: Geir Mogen/NTNU

– Når svulsten har blitt stor, skal vi injisere eit genmodifisert virus inn i blodet til musene, seier Standal.

Eit slikt virus er ufarleg for både menneske og dyr, og fungerer som eit verktøy for å sende framande gen inn i musecellene. Dette er ein av metodane som vert kalla for genterapi. Standal og teamet nyttar eit virus som har med seg genet for BMP-4.

– Viruset finn fram til muselevra, og gir beskjed til levercellene om at dei skal bruke det framande genet til å produsere store dosar BMP-4. Vi håper at dei nylaga BMP-4-proteina vil bli frakta med blodet til kreftsvulsten, og at proteina både drep kreftcellene og fremmer produksjon av nytt bein, fortel Standal.

Når kreftcellene er borte, kan BMP-4 fremme produksjon av nytt bein, og normalisere balansen mellom osteoklastar og osteoblastar.

Potensiale for gjennombrot
Sjølv om BMP-4 kan drepe kreftceller i laboratoriet er det usikkert om metoden dei har satt opp i laboratoriet vil fungere på mus eller, i framtida, på pasientar.

– Dette kan potensielt føre til utvikling av ein heilt ny behandlingsform for beinmargskreft, så det blir spanande å finne ut om det fungerer, fortel Standal.

Standal og teamet hennar. Foto: Hanne Hella

Ho opplev også at det er ei utfordring at kreftpasientar og kreftceller ikkje er like.

– Behandling som fungerer godt på nokre kreftceller har kanskje ikkje har effekt på kreftceller frå andre pasientar. Utfordringa er å finne ei behandling som fungerer på alle, eller å identifisere kva for pasientar som kan ha nytte av ulike behandlingsformer, fortel ho.

Standal fekk tildelt stipend til forskarstillinga si frå Kreftforeningen både i 2010 og i 2013, og er ein av dei unge og lovande forskarane i Noreg. Ho tek ansvaret som kreftforskar på alvor.

– Utan finansiering frå Kreftforeningen hadde eg vore ute av forskinga for lenge sidan. Den har betydd alt. Eg veit at mykje av pengane kjem frå pårørande, og det gjer at ein blir ekstra motivert for å forsøke å gjere bra forsking som kan kome til nytte før eller seinare, avsluttar Standal.